Historie

Tekna Samfunnsutviklerne vart stifta i 1907, som Utskiftningskandidaternes Landsforening. Motivet for å opprette foreininga var forutan å gje ut eit eige fagorgan – det som i dag er foreininga sitt tidsskrift Kart og Plan, å «fremme godt kollegialt samarbeid» og «å værne om standens økonomiske interesser».

Foreininga si historie fram til 2007 er utførleg dokumentert i jubileumsantologien Areal og Eiendomsrett, som vart utgjeve ved foreininga sitt 100 års jubileum dette året. Les meir om historien her: PDF (lenke).

Foreninga har vore gjennom ei rekke namneendringar opp gjennom tida. I 2012 endra foreininga namn frå Norges Jordskiftekandidatforening, faglig gruppe av Tekna (NJKF), til NJKF. I 2015 vart namnet så endra frå NJKF til Tekna Samfunnsutviklerne.