FIG Commission 7 Annual Meeting – Seoul 5. – 9. august 2019

Fakta om Sør-Korea: 49,1 millionar innbyggjarar og arealet er 98.500 kvadratkilometer. Arealet er dermed mindre enn halvparten av Sør-Norge.  Sør-Korea vert rekna som den 11. største økonomien i verda, og Asias tredje største økonomi.

Det var samla totalt omlag 130 deltakarar, over 5 dagar. Foto: LX.

Deltaking ved møtet i Seoul gav det inntrykket at i Sør-Korea står  1. Government 2. Technology 3. Business sentralt. Det er Regjeringa som bestemmer, det er sterk fokus på teknologi og landet er svært teknologisk utvikla, og det er fokus på tilrettelegging for business.

LX er det statlege kartverket og har ansvaret for matrikkel (kataster) og kartlegging. LX har rundt 4000 tilsette. LX har oppgåva med digitalisering av og tilrettelegging for detaljerte og nøyaktige data i ein geografisk infrastruktur for Sør-Korea. LX har eit totalt ansvar for katasteret, og det er LX sine landmålarar som står for katasteroppmålinga. Eigedomsinformasjon med høg kvalitet vert ansett som eit heilt sentralt element i den geografiske infrastrukturen som igjen vil stå heilt sentralt i ei utvikling som går i stadig sterkare retning i det som vert definert som Smart Cities (Intelligente byer), Digital Twins (Digitale kopier) og Smart Land Information (Intelligent Eigedomsinformasjon).

Det Sør-Koreanske eigedomsregisteret er av tysk type – German style cadastral system. Rettar vert registrert i ei grunnbok, medan faktiske opplysningar om eigedomar og areal vert registrert i katasteret. Systemet er i prinsippet ganske likt det norske, men i motsetning til Norge så er det tinglysingsplikt og sterk fokus på kvalitetssikring i eigedomsregistreringa i Sør-Korea.

Sør-Korea har i dag 37 millionar eigedomsteigar (parcels). Eigedomsoppmålinga starta i 1910 og katasterkartet består av 738.000 kartblad. Digitalisering av katasterkartet vart gjennomført 1998 – 2003.

Alle eigedomar (parcels) i Sør Korea er oppmålt og registrert. Dei analoge karta hadde varierande nøyaktigheit, og posisjonsnøyaktigheita på det digitale katasterkartet slik det er etablert er derfor også sjølvsagt varierande. For å forbetre kvaliteten i katasterkartet vert det derfor gjennomført nymåling av omlag 5 millionar eigedomar. Det er staten som tek stilling til kva områder som skal målast opp på nytt og staten dekker utgiftene. Nymålinga skal foregå 2012 – 2030 og kostnadene er kalkulert til oppunder 10 milliarder kroner (1,1 mill. $). Bakgrunnen for nymålinga er at ein ser det som viktig å fjerne avvik mellom eigedomsinformasjon og anna geografisk informasjon, og slik sikre at den geografiske infrastrukturen kan leggjast til grunn som korrekt i eit framtidig «smart» samfunn.

I Sør-Korea vert bygning og grunn sett på som ulike eigedomsobjekt.

Utsikt frå 122. etasje i Lotte Tower i Seoul, høgaste bygningen i Sør-Korea. Vil det ein ser her være mogleg med den norske planleggingsmodellen? Foto: L.B.Mjøs

Tinglysing vert utført av domstolane i Sør-Korea. Ved tinglysinga vert det registrert eigarskap, panterettar og andre rettar. Det er som nemnt over tinglysingsplikt i Sør-Korea, dvs. at det er plikt til å registrere eigedomsrettar.

Eit høgdepunkt ved møtet var sjølvsagt ekskursjon til DMZ, den demilitariserte sona mot Nord-Korea som ligg ca 1 time kjøretur frå Seoul. I utgangspunktet skulle utferda gå til Panmumjom, men pga  restriksjonar antakelegvis på grunn av rakettoppskytingar i nord fekk vi ikke sleppe så nært. Vi måtte nøye oss med ein tur inn i til ein utkikkspost i DMZ og ein tur ned i ein av dei tunnelene som Nord-Korea har gravd under bakken inn i Sør-Korea, og som er oppdaga. Guiden påpeika ironien i at denne tunnelen er den mest besøkte turistattraksjonen i Sør-Korea, og altså «gitt» av Nord-Korea.

Utkikkspost i den demilitariserte sona mellom Sør- og Nord-Korea. Sona er 4 km brei. Foto: L.B.Mjøs

Gå til sidene til LX og les meir om LX sine oppgåver: https://www.lx.or.kr/eng.do

Gå til program og presentasjoner ved møtet: https://www.com7figseoul.com/

Les meir om ulike cadastral systems i denne artikkelen av professor Stig Enemark: http://citeseerx.ist.psu.edu/viewdoc/download?doi=10.1.1.604.5202&rep=rep1&type=pdf

Eg vil takke Tekna Samfunnsutviklerne for støtte som gjorde deltaking ved FIG Commission 7 Meeting 2019 i Seoul mogleg.

Leiv Bjarte Mjøs