FIG Kommisjon 7 møte i Bergen er gjennomført

Konferansedeltakarar utanfor konferansehotellet i Bergen (Hotel Zander K).

FIG er den internasjonale landmålarorganisasjonen, men hovedkontor i København. Det faglege arbeidet i FIG foregår i 10 kommisjoner, sjå oversikt over kommisjonene her. Eit land kan ha fleire organisasjoner som har medlemskap i FIG, og det er 115 land som er representert i FIG. Les meir om FIG på organisasjonens nettsider her: http://fig.net/.

Dei 65 deltakarane ved årets mote representerte 20 nasjonar, og den største delegasjonen var frå Sør-Korea. Dette kan tilskrivast ein større aktivitet i Sør-Korea med nymåling av eigedom for å tilfredsstille krav til framtidig automatisert saksbehandling.

Årets Annual Meeting gjekk over ei veke, og vart delt opp i to deler: Eit internasjonalt seminar med tema Cadastre in a digital world – Nordic and Global Perspectives, som vart arrangert måndag – tysdag. Onsdag og torsdag var det årsmøte i kommisjon 7, der det først og fremst var fokus på ulike internasjonale aktiviteter, og aktiviteter i kommisjonen.

Cadastre in a digital world – Nordic and Global Perspectives 24. – 25. september.

Første dagen vart arrangert på Høgskolen på Vestlandet, Campus Kronstad. Dette gjorde det mogleg å involvere studenter, og programmet første dagen var derfor innretta mot tema for studentene som skal inn i dette yrket. Programmet var innretta mot utvikling av landmålarrolla internasjonalt, norsk støtte til utviklingsprosjekt på området og rolla som landmålaren har som ekspert og eigedomsregistrering og kartlegging, og den teknologiske utviklinga på området.

Deltakarar på Høgskolen på Vestlandet, Campus Bergen

Andre dagen av seminaret var vigd til utfordringar på feltet, og korleis møte utfordringane. Vi fekk presentert eit norsk perspektiv, det nordiske perspektivet, og avslutningsvis det internasjonale perspektivet.

Det internasjonale seminaret vart avslutta med byvandring til Bryggen med professor Geir Atle Ersland som guide. Tema for byvandringa var eigedomstruktur som grunnlag for byutvikling. Byvandringa enda på Stiftelsen bryggen sine lokaler der deltakarane fekk ein presentasjon av Stiftinga ved direktør Bernt-Håvard Øyen.

Annual Meeting FIG Commission 7 26. – 27. september.

Årsmøtet i kommisjonen fokuserte i år på ei rekke tema med bidrag frå deltakarane. Det kan nemnast UN GGIM, crowdsourcing og nye modeller for eigedomsregister. Forholdet til planlegging og forvaltning vart drøfta. Avslutningvis vart formannskapet overlevert frå Gerda Schennach, Austerrike, som har vore formann for kommisjonen 2015 – 2019, til Daniel Paez, Colombia, som vil lede kommisjonen fram til 2023.

Excursion 28. september.

Fredag 28. september vart arrangementet avslutta med ekskursjon til Nærøyfjorden.

Heldige med været. Etter mange dagar med tungt regn fekk deltakarane ein fantastisk tur til Nærøyfjorden

Tema for ekskursjonen var erstatning for eigedomsrettar og konsekvensar av turisme ved innføring på Unesco si verdsarvsliste. Sjå lista over verdsarv i Norge, og kriterier for å bli tatt med på lista her.

FIG Commission 7 Annual Meeting vil i 2019 verte arrangert i Sør-Korea.

Program og presentasjonar er å finne på nettsidene til møtet: http://com7fig.wixsite.com/fig-commission7-2018

 

Den lokale arrangementskomiteen var samansett av Arve Leiknes, Jan Erik Førde og Leiv Bjarte Mjøs.

Ei stor takk til sponsorane som med sin støtte bidrog til å gjennomføre dette arrangementet i Norge.