Matrikkeldagene 2018 er gjennomført

Foto: Per Ove Røkke. Figuren bak Leikny Gammelmo, som her opnar Matrikkeldagene 2018, illustrerer nøyaktighet registrert for grenser i matrikkelen, representert som «buffere».

Det var oppunder 20 presentasjonar ved årets Matrikkeldager, og det vil ta for mykje plass å referere til alle. Det vil her bli referert litt frå eit par av foredraga:

Dag Høgvard presenterer tanker frå Departementet om nytt matrikkellovverk.

Frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet stilte Dag Høgvard opp og presenterte departementet sine tanker om vedtatte endringer i matrikkellova.  Det vil bli innført autorisasjon og stilt krav til nye utøvarar. Det vil bli ei overgangsordning for eksisterande utøvarar, med krav og godkjenningsordning, og det vil bli overgangsordningar for kommunane. Det vil bli autorisasjonsprøve, med tildeling av matrikkelbrev og register over ansvarlege landmålarar (som har fått tildelt matrikkelbrev). Det vil vidare bli stilt krav til etterutdanning, men departementet trekte ikkje opp linjer for nye sentrale initiativ til å styrke utdanningane. Landmålararen vil vidare få undersøkelsesplikt, jf. ny matrikkellov §35, ved at han/ho må undersøkje relevante dokument og sørge for at forretninga vert utført i samsvar med god landmålerskikk. Departementet legg opp til at rettar skal kunne registrerast i matrikkelen.

 

Sjur Dyrkolbotn sitt innlegg vart sendt over video.

Sjur Dyrkolbotn frå Høgskolen på Vestlandet stilte i sitt foredrag opp spørsmålet om DOK (det offentlige kartgrunnlaget) kan vere farlig. DOK er mykje meir enn eit kart, det er ei samling av geodata knytt til administrative, juridiske, fysiske, miljøfaglige og infrastrukturmessige forhold, og  består av 140 datasett utvald av KMD som kommunane skal godkjenne og bygge sine avgjerder på. Dyrkolbotn påpeika at geodata ikkje er det same som kart, det kan vere hvilken som helst informasjon som er knytt til eit geografisk område. DOK er ei viktig nyvinning på planrettens område som det er vel verdt å sjå vidare på. Det er ei målsetjing om full digitalisering av offentlig sektor, med automatiserte avgjerder. Stortinget presser på.  Dyrkolbotn påpeika at det er mange feil og manglar i datasetta i DOK.  Dyrkolbotn viste eksempler, m.a. frå eigne eigedomar, på kor mangelfullt DOK kan vere. Det er eksplisitt uttalt frå departementet at ein ynskjer seg automatiserte vedtak i byggesaker, ein vil ikkje ha regler som er skjønnsbasert. Når ein set DOK inn i ein samanheng der datamaskiner tar beslutninger og saksbehandlerens skjønn blir fjerna, så kan DOK absolutt vere farlig, uttalte Dyrkolbotn.