FIG Commission 7 Annual Meeting 2017

Foto: Dimo Todorovski

Møtet samla rundt 80 deltakarar. Tema for møtet var «Nye trender i arealadministrasjon» (New trends in Land administration). Eit særleg fokus i møtet var retta mot «Fit-for-purpose land administration», som er er nye, forenkla og rimelege metoder for eigedomsregistrering som gjer det mogleg å registrere eigedomsrettar med langt lågare kostnader enn dei tradisjonelle metodene i vestlege land med kostbar og nøyaktig oppmåling.

Les meir om «Fit-for-purpose» eigedomsregistrering her: http://www.fig.net/resources/publications/figpub/pub60/figpub60.asp

Du finn meir informasjon om program og høgdepunkt for møtet i Cartagena her: http://fig717.net/en/home-2/

Det vart vidare beslutta av kommisjonen at neste årsmøte i FIG Kommisjon 7 vil verte halde i Norge (Bergen) i siste veka i september 2018.

Referent: Leiv Bjarte Mjøs, norsk delegat til Kommisjon 7 og deltakar ved møtet i Cartagena