Nye mastere i Areal og Eigedom ved Høgskulen på Vestlandet

Frå venstre Katrine Helle Midtbø, Malin Aasen, Ingvild Møgster Tokvam og Vilde Nilsen.

Mellom initiativtakarane til å få etablert ei nye utdanning i Areal og Eigedom på Vestlandet har vore Domstoladministrasjonen, Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune. Bakgrunnen har vore at Vestlandsregionen ikkje har hatt ei slik utdanning på masternivå, og at det er stor etterspørsel etter denne type kompetanse både i privat og offentleg sektor. På denne bakgrunn vart masterutdanninga starta opp i 2015.

Utdanninga går over fire semestre, og for å bli tatt opp må søkjarane har ei relevant bachelor.  Dei to første semestera er felles for alle, i det tredje semesteret vil kandidatene spesialisere seg i anten arealplanlegging eller eigedom, og det fjerde semesteret er avsatt til masteroppgåva. Det vert lagt opp til at studiet skal kunne takast som deltidsstudent, over opp til 4 år.

Dei første fire masterene som no er uteksaminert er Katrine Helle Midtbø (Eidfjord), Malin Aasen (Bergen), Vilde Nilsen (Grimstad) og Ingvild Møgster Tokvam (Flåm i Aurland). Dei tre førstnemnde har tatt fordypning i planlegging, medan Ingvild Møgster Tokvam har tatt fordypning i eigedom.

I 2014 vart jordskiftelova endra vedrørande kravet om at jordskiftedomarar må ha utdanning frå Norges Miljø- og Biovitenskapelige Universitet (NMBU) på Ås. Ingvild Møgster Tokvam vil med sin bachelor i landmåling og eiendomsdesign og master i areal og eiendomsdesign frå HVL vere den første som er uteksaminert utanfor NMBU som oppfyllar krava til å verte jordskiftedomar.

Alle har fått jobb før dei var ferdige med studiet. Katrine Helle Midtbø i Eidfjord kommune, Malin Aasen i Bergen kommune, Ingvild Møgster Tokvam i Statens Vegvesen, Leikanger, og Vilde Nilsen i Oslo kommune.

Masteroppgåver:

Malin Aasen og Ingvild Møgster Tokvam
Samarbeid i Myrkdalen Fjellandsby

Katrine Helle Midtbø og Vilde Nilsen
Samsvar mellom plan og praksis. En studie av felles uterom langs Bybanen i Bergen