Kart og Plan i den Digitale bokhylla

Tidsskriftet kom ut under namnet Tidsskrift for det Norske Utskiftningsvæsen i åra 1908-1951, Norsk Tidsskrift for Jordskifte og Landmåling i åra 1952-1969, og altså under nåværande namn Kart og Plan frå og med 1970.

Det er både enkel og avansert søkefunksjonalitet i den digitale bokhylla på Nasjonalbiblioteket. Ved bruk av søkeord kan ein svært enkelt finne fram til artiklar med bestemt innhald.

Ved å gå til linken under kan du lese utskiftningsformand A. Elgsaas sin «indberetning» i tidsskriftets nr. 1-1909 i forbindelse med den studiereise han foretok til våre naboland for «at studere forskjellige utskiftningsvæsenet vedkommende spørsmål».

http://www.nb.no/nbsok/nb/72b34602ac55d54abc0a3428d0a09330?index=0#129

Gå til Nasjonalbibliotekets sider og bruk søkefunksjonene for å navigere i tidsskriftets opplag:

http://www.nb.no/

Ei skattkiste med meir enn 100 års historie over fagutviklinga er dermed gjort lett tilgjengeleg for alle interesserte. Særleg for forskarar gjev vårt tidsskrift i den digitale bokhylla nye perspektiv for å forstå dagens system med grunnlag i dei interesser og tankegangar som har vore rådande på fagfeltet gjennom meir enn 100 år.

Nye hefter skal gjerast digitalt tilgjengeleg i bokhylla først eit år etter utgjeving, slik at siste årets hefter får ein ikkje tilgang til via denne løysinga.

Den danske Landinspektørforening har lagt ut sine historiske tidsskrift i ei løysing på sine eigne sider. Det kan søkjast på innhald. Dei danske tidsskrifta får du tilgang til her:

http://www.swiflet.com/swiflet/engine/Showindex.aspx?cid=MzQz&brand=1119